Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player


Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player


Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player


Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

 
Ferie
Karneval
Kontakt
Levering


Årsplan 2010



PlassebakkenPost

Velkommen til
Plassebakken Barnehage

Vi har gleda av å ønskje deg velkomen til ein barnehage der det er godt og spanande å vere. Her står mangfald, pulserande liv og fleksibilitet i fokus.

PLASSEBAKKEN BARNEHAGE BA er foreldreeigd. Andelslaget har som einaste formål å drive barnehage i Skodje. Drifta har ideelt og ikkje økonomisk formål. Vi tek i mot barn i alderen 0-6 år, og avdelingane er godkjende for 102 plassar.

Opningstid og beliggenhet

Opningstida er frå klokka 07.00 til 17.00, fem dagar i veka.

Barnehagen ligg fint til med eit flott skogsområde – og der står barnehagen sin eigen gapahuk – som næraste nabo. Ikkje langt unna er det også ei elv som vi nyttar når det er høve til det. Det er kort veg til næraste sæter som er Apalvik-sætra. Ikkje langt unna ligg ”Trollskogen”, og hit går vi på tur så ofte vi kan.


Vi dreg lasset saman

Det er 30 tilsette ved Plassebakken, nokre med deltidsstillingar og nokre med heile stillingar. Plassebakken Barnehage er prega av ei lagånd; der både foreldre og personal tek ansvar og dreg lasset saman. Foreldre og personal kan også nyte godt av ein organisasjon der ”vegen til topps” – for viktige saker – er kort.

Plassebakken Barnehage kan tilby:

• Trygt og oversiktleg leikemiljø inne og ute
• Barn på ulike alderstrinn
• Garantert plass fram til skulealder
• Flittig bruk av nærmiljøet.
• Eit personale med humøret i orden

Administrasjonen i Plassebakken Barnehage

Sissel Berg Natvik
Dagleg leiar
47 48 13 98
Tone-Ellen Thune
Styrarassistent
47 48 13 99
Reidunn Skjodjevåg
Kontormedarbeidar
47 48 13 99