Tilvenning i barnehagen med fokus på emosjonell tilknytning

Det er ei stor omveltning for både born og foreldre når barnehagelivet startar for dei yngste. Både små og store skal venne seg til nye rutiner, og det er ein prosess å bli vant med å vere borte frå kvarandre. Dei to siste åra har vi sett nøye på kva barnehagen og foreldra saman kan gjere for å skape ein positiv prosess for barnet. Frå 2016 la vi om mange av våre etablerte rutiner for denne første og viktige perioden i barnehagen, og er fornøgde med det vi erfarar så langt.

Det å venne seg til nye rutiner og gjeremål kan gå relativt raskt, men bornet si tilknytning til andre personar kan ta lenger tid. Det er difor viktig at vi gir barnet tid til å bli kjent med sine nye omsorgspersonar i tett samarbeid med de foreldre. God tid og nært samarbeid skaper grunnlag for ein trygg tilvenningsperiode og ein god barnehagestart.


Kvifor er trygg tilvenning så viktig for dei yngste? Små born har eit grunnleggjande behov for beskytting, trøst og tryggleik i situasjonar som opplevast som krevande. Utrygge born fungerer dårlig i relasjonar til voksne og i leik med andre born. Opplever bornet tryggleik, klarer det å fokusere på utforsking og læring. Når ein treåring startar i barnehagen kan ein førebu endringar gjennom samtale, litteratur og informasjon. Dette er ikkje like lett å gjere med ein 1 åring. For dei yngste er ingenting viktigare enn emosjonell eller kjenslemessig tryggleik. Det vil seie nære relasjonar til dei vaksne og trygg tilknytning til minst ein vaksen i barnehagen. Forutsigbarheit, stabilitet og fast rytme, vil også vere sentralt for å skape emosjonell tryggleik.

I barnehagen vil bornet ditt ha eit personal som har hovudansvaret for tilvenningsperioden. Det vil seie at barnet og de som forelder skal få høve til å forhalde dykk til ein person den første tida i barnehagen. Denne personen skal fungere som ein spesielt trygg base når mamma og pappa etter kvart ikkje er i barnehagen lenger. Det er sjølvsagt viktig at bornet også blir kjent med dei andre vaksne, men det er lettare når det er knytt tette band til ein av dei vaksne først.

Kva kan du som forelder gjere for å skape ein trygg tilvenningsperiode for bornet ditt? Tradisjonelt sett har tilvenning til barnehage vore i ein periode på ca tre dagar.  Vi ønskjer å sette meir fokus på det einskilde bornet sine behov, og individuell tilpassing står sentralt. Observasjonar og erfaringar frå den eine dagen skaper grunnlaget for innhaldet i den neste. Det er slik sett svært positivt om du som forelder har høve til å vere fleksibel i høve antal tilvenningsdagar. Kanskje kan du bruke nokre ekstra feriedagar i denne perioden? Om de får det til, er det fint om de også klarer å gi bornet så korte dagar som mogleg i den første tida i barnehagen. Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å få til i ein hektisk kvardag, men kanskje har du nokon som kan hente inn i mellom? Det er i alle fall lurt å tenkje gjennom korleis de kan gjere det reint praktisk for at tilvenninga i barnehagen skal vere ei god oppleving for deg og barnet ditt.

På den første dagen i barnehagen, ser vi for oss at de er her saman med oss i 1-2 timar. Det er viktig at besøket er relativt kort, for det er mange nye inntrykk og erfaringar som skal fordøyast. Deretter ser vi an lengde og aktivitet for kvar dag i samråd med dykk. Mor eller far vil i utgangspunktet ha hovudansvar for praktiske gjeremål i starten av tilvenninga, slik som bleieskift, måltid og legging. På denne måten blir personalet gjennom dykkar metodar kjent med barnet sine vaner, ønskjer og behov, samstundes som vi arbeider for å knyte band med den lille.

Det er viktig at de gir borna høve til å gå ut på oppdagingsferd når det melder behov for det, samstundes som de er klare til å ta imot barnet når det treng ein pause eller påfyll av mors/ fars trygge fang. Personalet vil søke seg til barnet gradvis, samstundes som mor og far er til stades. Dersom du ser at barnet ditt er i god kommunikasjon med personalet, er det viktig at du gir dei tid til å utvikle relasjonen. 

Det vil bli gjort avtale om ein oppstarts- samtale i løpet av den første veka de er her i barnehagen. Her vil vi det bli høve til å stille spørsmål og utveksle informasjon som vi elles ikkje får tid til inne på avdelinga.

Til slutt nokre tips:

-          Ver i nærleiken dei første gongane barnet ditt skal prøve seg åleine i barnehagen.

-          Gå aldri frå barnet utan at du seier «ha det»! 

-          Ta med matboks, drikkeflaske/tåteflaske/kopp, kosebamse som barnet er mest kjent med heimanfrå. Dette er trygt og godt.

-          I barnehagen søv borna i vogner ute. Ta i bruk barnehagevogna heime i god tid før oppstart, slik at ungen forbind både vogn og pose med noko som er kjent og trygt.

-           Det kan vere lurt å ta seg ein tur eller to på besøk før oppstart. Ring på førehand for å avtale.

-          Besøk gjerne uteleikeplassen til barnehagen etter stengetid. Då får barnet utforske litt på eiga hand.

-          Snakk om barnehagen. Fortel kva som skal skje.

-          La barnet bli vant med å vere hos andre (tante, onkler, besteforeldre osb)

-          Lag gjerne ein liten album med bileter av familien og ting barnet liker å gjere/ leike med og ha denne liggande i barnehagen.